Jordskred over E39 i Sunnfjord
Eit mindre jordras går over E39 Jølstravegen ved Eikås, melder politiet. Ingen personar, bygningar eller bilar skal vere trefte. – Raset er ca. 10 meter breitt og ein meter høgt, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen. Vegen er stengt som følge av hendinga. – Vi veit ikkje kor lenge. Det er ein del bilar som brukar den vegen, eg trur dei fleste køyrer rundt, seier Andreas Rasmussen i Vegvesenet.




.jpg)











