NM-gull til Smørdal Botn og Hjelmeset Kirkeeide

Johan-Olav Smørdal Botn vart noregsmeister under NM i rulleskiskyting laurdag. Maren Hjelmeset Kirkeeide frå Stryn vann NM-gull på sprinten for kvinner. Ho vann med heile 45,4 sekund framfor Karoline Erdal frå Førde. Stårheimaren Smørdal Botn vann med 20 sekund på sprinten på herresida. – Det var eit skikkeleg sliteløp frå start til mål. Eg følte meg eigentleg ikkje så bra, men det er vanskeleg å få godfølelsen med så mykje vind og treige forhold i løypa, seier den olympiske meisteren til Fjordabladet.











.jpg)

