Politimeld etter brann i uthus i Øygarden
Eit uthus på rundt 20 kvadratmeter brenn på Straume i Øygarden. Politiet trur at bebuaren har sett fyr på uthuset med vilje, for ei kontrollert nedbrenning. – Så blei det ikkje så kontrollert lengre, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord. Bebuaren er meld til politet for nedbrenninga. Det vart mykje røyk, og naboar fekk råd om å slå av ventilasjonsanlegga i husa sine. Politiet opprettar sak. I 17.40-tida dreiv brannvesenet med ettersløkking.












.jpg)

