Nedkjølte ungdommar kome ned frå fjellet i Modalen
Ungdommane som var nedkjølte i fjellet i Modalen er kome ned att. Det opplyser politiet. Det var fredag kveld at eit turfølge på ti personar blei sittande fast i fjellet, og det blei sett i gang ein redningsaksjon. To av dei i turfølget blei henta med helikopter, medan resten tok seg inn i ei hytte med hjelp frå frivillige. Politiet opplyser at desse laurdag føremiddag var på veg ned frå fjellet. – Det er ein krevjande tur, i tillegg er det ein som har fått problem med ein ankel og ein med eit kne, ifølge operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen. Klokka 14.27 oppdaterer politiet at alle i turfølget har kome fram til ein veg. Dei blir køyrt til Modalen kor dei skal få tilsyn av helse. – Dei er våte og kalde, opplyser Dahl-Michelsen.











.jpg)

