Seglbåt var i naud i Nordsjøen
Ein seglbåt trong bistand i Nordsjøen om lag 120 kilometer vest for Bømlo fredag kveld. – Det er to personar om bord, seier Steinar Vatne frå Hovudredningssentralen Sør-Noreg. Dei skal ha segla frå Shetland til Noreg og støtt på dårleg vêr når dei nærma seg norskekysten. Rundt 21.15 vende redningshelikopteret snuten heim mot Stavanger lufthavn, skriv Stavanger Aftenblad. – Vi hadde eit anna helikopter i nærleiken. Dei som var om bord har blitt plukka opp av dei, seier Steinar Vatne til avisa.












.jpg)

