Bil mista hjul i Fløyfjelltunnelen

Høgre køyrefelt i Fløyfjelltunnelen i retning Bergen sentrum er stengt etter at ein bil mista eit hjul i ettermiddag. Politiet fekk melding om hendinga klokka 17.27. Det er no rekvirert bergingsbil til tunnelen for å fjerne køyretøyet og opne feltet att for vanleg trafikk.























