Byrådet i Bergen med nytt tunnelforslag for Bybanen

Byrådet i Bergen har no sendt forslaget om tunnel for Bybanen i sentrum på høyring. I dei opphavelege planane skulle tunnelen ha utløp i Sjøgaten i Sandviken. Fleire har protestert mot planane, fordi det mellom anna betyr flytting av hus og trange kår for syklande. I høyringsforslaget presenterer difor byrådet også eit alternativt forslag, der det skal vera tunnel heile vegen til Amalie Skrams vei, ytst i Sandviken. Byrådet meiner dette kan gje innsparingar på kring 750 millionar kroner, sjølv om det betyr meir tunnelbygging.

















.jpg)
