Mann i 30-åra død etter å ha blitt funnen livlaus i fjorden

Fredag føremiddag vart ein person funnen livlaus i Osterfjorden. Klokka 15 stadfestar politiet at ein mann i 30-åra er omkomen. Den avdøde var utanlandsk statsborgar. Dødsårsaka er ukjend. Pårørande er varsla. Mannen vart flogen til Haukeland universitetssjukehus i luftambulanse, men blei stadfesta omkomen kort tid etter at han kom til sjukehuset. Han var i området i samband med arbeid som skulle utførast. Politiet etterforskar saka, men har ikkje funne noko som tyder på at det har skjedd noko kriminelt.





















