Dom mot politimann blir ikkje anka
Dommen mot ein politimann i 30-åra frå Bergen blir ikkje anka av nokon av partane. Det stadfestar statsadvokat Jan-Inge Wensell Raanes til NRK. Politimannen blei nyleg dømd i Hordaland tingrett til to års fengsel for vald, truslar og kontrollerande åtferd mot sambuaren sin. Denne dommen blir altså ståande.







.jpeg)











