Rekordproduksjon løfta Vår Energi i første kvartal
Vår Energi tente 1,4 milliardar dollar før skatt i årets tre første månader, etter ein kraftig vekst i produksjonen. Selskapet produserte i snitt 406 000 fat oljeekvivalentar kvar dag i første kvartal. Det er ein oppgang på heile 51 prosent samanlikna med same periode i fjor. Aksjekursen til Vår Energi har stige 31 prosent så langt i år. Selskapet opplyser at uroa i Midtausten førebels ikkje har påverka drifta deira.