Blir varetektsfengsla i fire veker

Mannen i 30-åra som er sikta for valdtekt av to jenter under 14 år i Bergen, blir varetektsfengsla i fire veker. Ifølgje politiet skal forholda ha skjedd søndag i eit bustadområde i Bergen. Dei to jentene er i barneskulealder. Forsvarsadvokat Ole-Petter Grythe Hoff fortel til NRK at mannen avviser skuld: – Han erkjenner ikkje straffskuld og har ingen forståing for at han sit i varetekt. Han meiner det er ein feil avgjerd. Politiet opplyste tidlegare at dei meiner dei kan knyte mannen til hendinga gjennom forklaringane til dei fornærma jentene, vitneavhøyr, digitale spor og videoovervaking.























