85.000 for ulovleg IPTV

Ei kvinne i Bergen må betale 85.000 kroner etter å ha brukt ulovleg IPTV frå 2021 til 2025, melder Bergensavisen. Politiet gav kvinna 20.000 kroner i bot og krev 65.000 kroner inndratt for pengar dei meiner ho sparte abonnementsutgifter. Kvinna er éi av over 50 kjøparar i Noreg som har fått førelegg etter at ein seljar frå Buskerud vart dømd. Politiet håpar reaksjonane har ein førebyggjande effekt mot det aukande samfunnsproblemet.







.jpg)

.jpeg)















