Fleire avgangar frå Bergen råka av togstreik

13 togavgangar som skulle gått frå Bergen på måndag er innstilte som følgje av togstreiken. Det opplyser togselskapet Vy. Streiken starta fredag då partane ikkje blei einige etter eitt døgn med mekling hos Riksmeklaren. Bakgrunnen for streiken er mellom anna at lokførarane i Vy krev same lønn som tilsette på Flytoget etter at dei to selskapa blei slått saman. Avgangane som er innstilte er: – L4 Bergen–Arna: 6 avgangar – R40 Bergen–Voss/Myrdal: 7 avgangar Vy opplyser at dei ikkje kan sette inn alternativ transport ved ein streik.











.jpg)






