Har fått obduksjonsrapport etter dødsfall på barnevernsinstitusjon
Politiet har fått ein mellombels obduksjonsrapport etter dødsfallet på ein barnevernsinstitusjon i Bergen. Den viser at det ikkje har skjedd noko kriminelt, og at jenta truleg har tatt sitt eige liv. Det fortel politiadvokat Farzad Izadi i Vest politidistrikt. I byrjinga av august overtok barnevernet omsorga for den unge jenta, etter bekymringsmeldingar om familien. Foreldra vart sikta for mishandling i nære relasjonar, og dottera vart plassert på ein statleg barnevernsinstitusjon i Bergen. Dei nektar straffskuld. Statsforvaltaren har opna tilsynssak etter dødsfallet.















.jpg)


