Tjuvar tekne etter 14 minuttar
Tjuvane fekk ikkje vere lenge på frifot etter at dei stal Ipad frå ein bil ved Solheimsvatnet i Bergen i natt. – Vi fekk melding klokka 0417, og 0431 hadde vi kontroll på den første. Klokka 0455 hadde vi kontroll på den andre og Ipad'en, fortel operasjonsleiar Steinar Hausvik ved Vest politidistrikt. Det var bileigaren, som sov i ein bubil ved sidan av, som varsla politiet om hendinga. Han vakna av bilruta som vart knust og såg to menn springe frå staden. Politiet var raskt på staden, og sporing av Ipad'en resulterte i rask oppklaring. Dei to mistenkte er i 40- og 50-åra.






.jpg)

.jpeg)
















