Ber om to år og seks månader i fengsel for politimann

Påtalemakta meiner ein politimann i 30-åra frå Bergen bør bli dømd til totalt to år og seks månadar i fengsel for å ha mishandla sambuaren sin i fleire år, og for å ha påverka forklaringa hennar til politiet. Førstestatsadvokat Jan-Inge Wensell Raanes meiner sambuaren har levd i eit fryktregime, der politimannen har utsett henne for jamleg psykisk og fysisk vald. Politimannen har vedgått delvis skuld for valden, men ikkje for påverking av avhøyr. Forsvararen hans held sin sluttprosedyre i Hordaland tingrett seinare i dag.








.jpg)

.jpeg)







