Gisle Olsen sluttar som dagleg leiar i Sogndal Fotball

Ingrid Narum, som har vore konstituert i stillinga sidan desember i fjor, tek over jobben på permanent basis. Olsen byrja som dagleg leiar i august 2024, men har vore sjukmeld i fleire periodar det siste året. Klubben opplyser at dei og Olsen er samde om å avslutte arbeidsforholdet. Narum seier i ei pressemelding at ho ser fram til å bidra vidare i klubben og utvikle Sogndal Fotball vidare.







.jpg)







