Selja kloster får betre skilting

Statens vegvesen har vedteke å setje opp nye skilt til Selja kloster langs fylkesveg 620. Vedtaket kjem etter eit initiativ frå Selje Bygdeutviklingslag. Vegvesenet vil setje opp éin vanleg vegvisar og tre tabellorienteringsskilt med teksten «Selja kloster» og severdigheitssymbol. Vestland fylkeskommune har alt bestilt skilta. Sjølv om fylkeskommunen førebels ikkje kan love ein nøyaktig dato for montering, er målet at skiltinga skal vere på plass før den største turiststraumen set inn i sommar.