Sikta for overgrepsmateriale
Ein mann i 40-åra er sikta for omgang med overgrepsmateriale av born. Vest politidistrikt aksjonerte tysdag morgon etter eit varsel frå den amerikanske private organisasjonen NCMED (National Center for Missing & Exploited Children). Mannen vart avhøyrd i går. – Han har ikkje teke stilling til spørsmålet om straffskuld, seier forsvarar Jørgen Riple. Politiet har teke beslag i digitale einingar som no blir analyserte. Ifølgje politiadvokat Henrik Rynning Sjåmo er det førebels ikkje bestemt om mannen skal framstillast for fengsling.


.jpg)




.jpg)












