To fengsla – sikta for fridomsfrårøving i Bergen
Hordaland tingrett har fengsla to personar i to veker i isolasjon, begge er sikta for fridomsfrårøving. Ein mann skal ha blitt halde i ei leilegheit og utsett for vald av fleire personar i Bergen sist helg. Samstundes er ein annan mann i tenåra – som også er sikta i saka – lauslaten. Retten meiner det ikkje er fare for at bevis skal gå tapt ved å lauslate han. Politiet bad om varetekt i fire veker for alle dei tre personane og meiner dei kjenner kvarandre frå før. Ein fjerde person vart pågripen, men vedkomande vart lauslaten same dag.


.jpg)













.jpeg)






