Stort oppmøte på folkemøte om datasenter i Gaupne

Det var heilt fullt måndag kveld i Gaupne i Luster kommune, der det vart arrangert eit folkemøte rundt planar om eit stort, nytt datasenter. Det er Sogn utvikling som arrangerer møtet, og som meiner prosjektet vil gi rundt 180 arbeidsplassar. Samstundes har det vore sterk motstand rundt planane. Mange er uroa for støy, at det vil ta mykje kraft og konsekvensane for Sognefjorden. Det er førebels ukjent kven som skal bruke datasenteret. Saka vart utsett i kommunestyret i september, med 22 mot 3 røyster.


.jpg)













.jpeg)






