To fjellklatrarar redda ned frå fjellhylle

To menn sat fast på ei fjellhylle ved Kvitingsnasa i Øvre Hålandsdal i Bjørnafjorden kommune måndag kveld. Dei to klatrarane sat på ei fjellhylle sør for Tveitakvitingen, i området ved Dyrastegen. – Hovudredningssentralen blir kopla inn, og ein redningsaksjon blir sett i gang, opplyste politiet. Klokka 19.39 melder politiet at dei to er henta ut med redningshelikopter og ikkje skal vera skadde.


.jpg)













.jpeg)






