NSK Ship Design kjøper Førde-selskapet Multi Maritime
Multi Maritime blir verande som eit eige selskap med kontor i Førde, i første omgang. Det skriv administrerande direktør i NSK Ship Design, Mats Nygaard Johnsen i ei pressemelding. Multi Maritime leverer design til ferjer, passasjerfartøy og lasteskip. I tillegg til hovudkontoret i Førde har dei kontor i Bergen og Florø. I mars fekk dei kontrakt til å byggje om fire ferjer for Fjord1. NSK har hovudkontor i Harstad, og leverer skipsdesign og interiørtenester til den maritime sektoren. Dei er etablert i Oslo, Tromsø, Trondheim og Måløy.


.jpg)



















