Gratis stein kan koste 22 millionar
Stad Molo har på nytt fått utsett fristen for å ta imot steinmassar frå Stad skipstunnel. Årsaka er at føresetnadene har endra seg, slik at massen ikkje lenger er gratis, melder Fjordenes Tidende. Transporten åleine kan no koste 22 millionar kroner for prosjektet på Leikanger. Styreleiar Margareth Olin Leivdal opplyser at dei likevel gjer eit iherdig forsøk på å finna ei finansiell løysing. Retting: I ein tidlegare versjon stod det at transporten kunne koste mellom 46 og 65 millionar kroner. Det er riktige er at transporten kan koste 22 millionar kroner, viser oppdaterte tal frå Kystverket.


.jpg)














.jpeg)





