Fire til legevakt etter melding om kjemisk lukt og brann
Naudetatane har rykt ut til ei adresse sentralt i Bergen på grunn av melding om ei kjemisk lukt frå eit bad. Brannvesenet tok seg inn i ei leilegheit der dei melde om ein del røyk. Klokka 16.12 har dei sløkt ein brann som var i eller bak ein sofa. Det var ingen personar i leilegheita, men fire bebuarar i nabobygget blir frakta til legevakt for nærare undersøkingar.











.jpg)












