Til sjukehus etter grunnstøyting

Ein mann i 50-åra er sendt til sjukehus etter at båten hans gjekk på eit skjær ved Snilstveitøy utanfor Rosendal i Kvinnherad i natt. Mannen varsla sjølv om hendinga. Han var åleine i båten. – Han er vaken og hadde store smerter, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen ved Vest politidistrikt. Den 18 fot store båten har fått ei flenge i sida, men er sikra. Politiet opplyser at båten må bergast i dagslys.























