Lite pengar til kulturbygg i Bergen
Ulike kulturbygg i Bergen får lite eller ingen pengar i forslaget til Statsbudsjett. Det er ikkje sett av pengar til Griegkvartalet, Kulturkvartalet Verftet eller Nye Fyllingsdalen Teater. Til Bergens Tidende seier kulturminister Lubna Jaffery at budsjettet er stramt, og at det ikkje er pengar til mykje. Det er heller ikkje sett av pengar til eit Jon Fosse-senter i Strandebarm.


.jpg)




.jpg)












