Krev meir pengar til rassikring
Det er sett av 100 millionar kroner meir til rassikring i forslaget til statsbudsjett. Nasjonal rassikringsgruppe, der representantar for ulike fylkeskommunar er med, er positiv til auken, men meiner samstundes det må mykje meir til. Gruppa peiker på at det reelle behovet er på kring 96 milliardar kroner, der kring to tredelar gjeld langs fylkesvegane. Nasjonal rassikringsgruppe krev difor ein opptrappingsplan for rassikring, og peiker på at rassikring også er viktig for beredskapen.


.jpg)




.jpg)












