Krev seks månader for grooming-dømd mann

Påtalemakta krev nye seks månader i fengsel for mannen i 50-åra som i fjor vart dømd for grooming i den mykje omtala «pedojegersaka» i Sogn i 2024. Denne veka stod mannen tiltalt for «skremmande og plagsam» oppførsel og for seksuelt krenkande åtferd. Fire gutar var fornærma i saka. Forsvarar kravde frifinning for dei fleste postane, og elles at han vart dømd på mildaste måte. Bistandsadvokaten kravde oppreisning etter rettens skjønn for ein av dei fornærma. 60 dagar på vilkår frå førre dom er inkludert i den kravde fengselsstraffa.


.jpg)




.jpg)












