Opna tilsyn ved Brakanes skule
Statsforvaltaren i Vestland har opna eit stort tilsyn med Brakanes barne- og ungdomsskule i Ulvik. Det skriv Avisa Hordaland. Statsforvaltaren meiner skulen ikkje følger regelverket og seier læringsresultata i Ulvik har vore dårlege over lengre tid. – Vi har vore bekymra for læringsutbytet, og også bekymra for korleis skulemiljøet blir handtert på skulen, seier seksjonsleiar i Statsforvaltaren i Vestland, Mats Petter Sydengen, til avisa.


.jpg)




.jpg)












