Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Politiet legg vekk sak etter dødsfall på Sandviken

Mann i grå jakke står foran en bygning. Han har et blått nøkkelbånd rundt halsen. FOTO: Ingeborg Børve Skjold/NRK
Mann i grå jakke står foran en bygning. Han har et blått nøkkelbånd rundt halsen. FOTO: Ingeborg Børve Skjold/NRK

Politiet har lagt vekk saka mot Helse Bergen etter at ein mann i 30-åra tok sitt eige liv på psykiatrisk akuttmottak i desember i fjor. Det skriv Bergens Tidende. Mannen skulle observerast kvart femte minutt, men dødsfallet vart først oppdaga fleire timar seinare. Sjølv om fylkeslegen meinte helsehjelpa var uforsvarleg, konkluderer politiet med at det ikkje er mogleg å slå fast eit lovbrot. Årsaka er at det manglar nasjonale retningslinjer for korleis slike observasjonar skal utførast. Direktør Brede Aasen ved psykiatrisk klinikk seier dei no har endra rutinane sine.

ANNONSE
iBergen