Mann i 40-åra varetektsfengsla i overgrepssak
Ein mann i 40-åra som er sikta i ei sak om overgrepsmateriale av barn, er varetektsfengsla i fire veker. Hordaland tingrett meiner det er grunn til mistanke og har gitt politiet medhald i at det er fare for at mannen kan øydeleggje eller påverke bevis dersom han blir lauslaten. Retten viser mellom anna til at etterforskinga framleis er i ein tidleg fase, og at politiet ikkje har full oversikt over alle kontoar, kommunikasjonstenester og digitale spor i saka. Retten meiner mannen kan ha moglegheit til å kontakte andre involverte eller fjernslette elektroniske data. Mannen blei pågripen tysdag etter at politiet aksjonerte i ein av Bergen sine nabokommunar. Aksjonen kom etter eit varsel frå amerikanske National Center for Missing & Exploited Children. Politiet har teke beslag i fleire digitale einingar som blir undersøkte. Mannen kan haldast fengsla fram til 4. november og er også ilagd brev- og besøksforbod i same periode.


.jpg)




.jpg)












