Meyer går av som byrådsleiar

Byrådsleiar Christine Meyer melde i bystyremøtet onsdag at ho går av som byrådsleiar i Bergen. – Å vere byrådsleiar i Bergen er eit stort privilegium og verdas beste jobb, sa Meyer då ho takka for seg frå talarstolen i Gamle Rådhus. Når byrådet no går av, vil det fungere som eit forretningsministerium fram til eit nytt byråd er på plass. Det betyr at dagens byråd held fram med fullmaktene sine, men så langt som mogleg skal unngå å leggje fram større prinsipielle saker eller vedtak som ikkje kan gjerast om. Ordføraren skal no peike ut ein kandidat som får i oppdrag å danne nytt byråd. Om det ikkje let seg gjere å samle fleirtal i bystyret, kan Bergen få eit mindretalsbyråd.





.png)











.jpg)





