Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Alvorlege avvik funne på Haukeland sjukehus

Luftfoto av Haukeland universitetssjukehus i Bergen med omkringliggende bebyggelse og kirkegård. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste) FOTO: Odd Arne Olderbakk/NRK
Luftfoto av Haukeland universitetssjukehus i Bergen med omkringliggende bebyggelse og kirkegård. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste) FOTO: Odd Arne Olderbakk/NRK

Bergen brannvesen avdekte fleire alvorlege avvik då dei gjennomførte tilsyn ved Haukeland universitetssjukehus i juni, det skriv BA. Mellom funna var rømmingsdører som ikkje lét seg opne fordi kapslar over dørvridarane var limte fast. Brannvesenet fann også fleire branndører med feil og manglar, manglande branntetting og manglar ved sjukehuset sine rutinar for branntryggleik. I tillegg peikar tilsynet på at sjukehuset mangla ei overordna og heilskapleg vurdering av brannrisikoen. Helse Bergen seier at dei tek funna på største alvor. – Pasientar, tilsette og besøkande skal vere trygge når dei oppheld seg på sjukehuset. Tilsynet har avdekt manglar knytte til branntryggleik som vi no følgjer opp med konkrete tiltak, seier driftsdirektør Morten Løkken Bendiksen til avisa. Fleire av avvika skal allereie vere retta opp, og sjukehuset opplyser at dei no arbeider med ytterlegare tiltak for å styrkje brannsikkerheita.

ANNONSE
Baronsgården
ANNONSE
iBergen
ANNONSE
Baronsgården
ANNONSE
Baronsgården
ANNONSE
iBergen
ANNONSE
Octavian Forlag - Goldfinger
ANNONSE
Baronsgården
ANNONSE
iOslo
ANNONSE
iOslo
ANNONSE
Let's Pixel AS
ANNONSE
iOslo
ANNONSE
iOslo
ANNONSE
Let's Pixel AS

Dette kan bli ille

Blir det sol eller regn? Planlegg dagen med BTs værtjeneste. Alt du trenger å vite om været i Bergen og på Vestlandet de neste... Les mer

ANNONSE
Let's Pixel AS
ANNONSE
iOslo
ANNONSE
Let's Pixel AS
ANNONSE
iOslo