Klarte ikkje finalekravet i U20-VM

Stavhoppar Embla Matilde Njerve (19) frå Bergen lukkast ikkje med å nå finalen i stavsprang under U20-VM som går av stabelen i Eugene i USA. I kvalifiseringa som gjekk natt til torsdag norsk tid, klarte ho berre 3,95 meter. Det klarte ho på andre forsøk. Då ho prøvde seg på 4,10 vart det tre riv. 19-åringen frå Bergens Turnforening klarte dermed ikkje å bli blant dei 13 som fekk finaleplass. Hennar personlege rekord er 4,30 meter, sett i 2024.
























