Sikta for forsøk på Vipps-ran med våpen
To unge menn er sikta for forsøk på ran i Bergen i går kveld. Ifølgje politifullmektig Ane Jøraasen Olsen skal mennene ha brukt våpen i eit forsøk på å true til seg 40.000 kroner. – Det er opplyst at det er brukt våpen, og vi undersøker no dette og eventuelt kva våpen, seier Olsen. Den fornærma hadde i utgangspunktet avtala eit møte med ein av dei sikta. Dei skal ha møttest i ein bil, der det skal ha oppstått ein trusselsituasjon. Den fornærma skal ha kome seg ut av bilen på eiga hand. Dei sikta skal ikkje vere det politiet omtalar som gjengangarar i deira system. – Det er ein uavklart relasjon mellom partane, seier Olsen. Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå forsvararane, Jørgen Riple og Maria Hessen Jacobsen.




















