Fylkesveg i Bremanger stengd
Fylkesveg 616 i Bremanger er stengd mellom Bremanger og Ryland. Ifølgje Fjordenes Tidende har ein lastebil med gravemaskin på hengaren køyrt av vegen ved Klubbeneset. Det er uvisst kor lenge vegen blir stengd, men ifølgje Vegtrafikksentralen vil bergingsarbeidet ta noko tid.




















