Bryggen stengd til kl. 22

Brannvesenet har starta å rigge ned flaumvernet på Bryggen i Bergen. Vatnet gjekk i føremiddag over bryggekanten. Ifølgje vaktkommandør Frode Eide ved 110 Vest skal ein no vere forbi toppen for den varsla høge vasstanden. Vegen er venta å opne klokka 22.




















