Halvparten køyrer for fort i Lyshorntunnelen – no kjem fotoboksane
Statens vegvesen set opp fotoboksar i Lyshorntunnelen mellom Bergen og Os. Årsaka er at nesten halvparten av bilistane køyrer for fort på strekninga. – Det er for å førebyggje at ein eller fleire av dei som er brukarar av strekninga blir utsette for ei alvorleg ulykke, seier sjef for ATK-seksjonen i Statens vegvesen, Hilde Halås til Fanaposten. Det er førebels ikkje kjent når kameratilsynet kjem i drift.























.jpg)
