Vestlandsoppdrettarar i retten mot staten

Ei gruppe vestlandsoppdrettarar har saksøkt staten for fjerde gong over den såkalla trafikklysmodellen. I Hordaland tingrett krev dei at vedtaka om produksjonsnedtrekk frå 2022 og 2024 vert oppheva, skriv iLaks. Saksøkarane meiner Nærings- og fiskeridepartementet har delegert for mykje makt til forskarar og fatta vedtak på eit for tynt grunnlag. Staten avviser kritikken og meiner kunnskapsgrunnlaget er godt nok. Det er sett av 16 dagar til hovudforhandlingane.