Vestland-fagskular får størst del av kaka
Fagskulane i Vestland mottar over 12,9 millionar kroner for å ruste opp utstyrsparken og utvikle nye studietilbod. I alt deler regjeringa ut 80 millionar kroner til høgare yrkesfagleg utdanning over heile landet. – Fagskulane er ein viktig del av planen for å sikre Noreg rett kompetanse. Med desse pengane styrker vi studietilboda som næringslivet treng, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland. Totalt får 17 fagskular i Noreg støtte i denne runden. Etter Vestland er det Oslo og Troms som mottar dei største summane.