Krev erstatning frå Bergen Havn etter opphogging
Eigaren av den 120 år gamle treskøyta «Hugin» varslar søksmål og erstatningskrav mot Bergen Havn, skriv BA. Skøyta sokk ved kai i Vågen i mars og vart seinare taua til Hanøytangen og hogd opp. Eigaren meiner at vedtaket om sanering ikkje var gyldig, og at han fekk for lite varsel før husbåten vart vraka. Båten vart i si tid kjøpt for over ein million kroner. Bergen Havn ynskjer ikkje å kommentere saka.


















.jpg)

