Alt som skjer i Bergen og omegn - samlet på ett sted

Avlyser redningsaksjon på Ulriken etter turistar

Politiet avlyser redningsaksjonen på Ulriken etter eit utanlandsk turfølge. Turistane varsla om at dei sleit med å kome seg vidare grunna mykje tåke og dårleg vêr, men at dei var uskadde på ei hytte i området. HRS, politi og frivillige starta leiteaksjon. Men inne på hytta der turistane skulle vere, var det tomt. Politiet meiner turistane er to tyske cruiseturistar, som i ettermiddag skulle reise vidare. – Vi har sjekka med havnevakta og ingen turistar er sakna, så då har truleg alt ordna seg, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt. Røde Kors har returnert frå staden.

ANNONSE
Helldalstoppen