Mann sikta for vinningskriminalitet
Ein mann i 30-åra blir laurdag framstilt for varetektsfengsling i Hordaland tingrett, sikta for vinningskriminalitet og ordensforstyrringar. Mannen skal ha tatt seg inn fleire stader og stole ting, mellom på ein frisørsalong i Bergen sentrum. – Han blei arrestert i går, etter at han hadde tatt fleire ting i eit næringslokale i Kanalveien og ytra truslar mot ein tilsett, seier politiadvokat Trine-Benedikte Opdal. Mannen skal møte i Sør-Rogaland tingrett i oktober, der han er sikta for fleire forhold som skal opp for retten. Politiet ber difor om varetektsfengsling fram til denne hovudforhandlinga.









.jpeg)















