Fengslar mann etter knivstikkinga på Askøy
Ein mann i 30-åra som vart pågripen etter ei knivhending på Askøy på torsdag, vert i dag framstilt for varetektsfengsling, sikta for grov kroppsskade. Politiadvokat Trine-Benedikte Opdal seier dei ber om to vekers varetektsfengsling, på grunn av fare for at bevis skal gå tapt. Dette fekk dei medhald i. Politiet vil førebels ikkje seie noko meir om saka, av omsyn til etterforskinga. I rettsavgjerda står det at den sikta mannen har erkjent knivstikkinga, og at politiet ikkje utelukkar fleire arrestasjonar.









.jpeg)















